Lågaste arbeidsløyse på 10 år. – Vi ser fleire teikn til positiv utvikling

FÆRRE LEDIGE: Det er størst nedgang i arbeidsløysa innan industri og bygg og anlegg. (Illustrasjonsbilete)

FÆRRE LEDIGE: Det er størst nedgang i arbeidsløysa innan industri og bygg og anlegg. (Illustrasjonsbilete) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: I juni er det 742 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 104 færre enn i juni i fjor.

DEL

– Vi har ikkje hatt så få ledige på ti år. Ein god arbeidsmarknad og aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak bidreg til det låge talet, seier Tore Thorsnes direktør i NAV Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Nærast er Oppland med 1,4 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 15 prosent frå juni i fjor. Det er no 60.738 heilt ledige, tilsvarande 2,2 prosent.

– Vi ser fleire teikn til at arbeidsmarknaden stadig utviklar seg positivt. Det blir færre nye ledige som melder seg hos NAV og arbeidsinnvandrar som har vore utan jobb ein stund, kjem no i arbeid att. Ser vi litt framover, blir det største problemet truleg å skaffe nok arbeidskraft, seier Thorsnes.

Størst reduksjon i Flora

18 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i juni. Størst reduksjon har Flora med 39 færre ledige enn på same tid i fjor. 12 av kommunane har ei arbeidsløyse på under 1 prosent. Aller lågast er Aurland med berre 0,4 prosent. I den andre enden finn vi Selje med 3,7 prosent.

Størst reduksjon innan industri, bygg og anlegg

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri og innan bygg og anlegg, med høvesvis 29 og 28 færre ledige enn i juni i fjor.

I juni var det berre 33 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 49 færre enn same månad i fjor. 22 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 12 frå fiskeindustrien.

Størst nedgang i aldersgruppa 40-49 år

Det er nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei under 20 år. Aldersgruppa 40–49 år har størst reduksjon med 22 prosent.

Fleire ledige stillingar

Det vart registrert 476 nye ledige stillingar i juni, ein auke på 7 prosent frå juni i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og industriarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan bygg og anlegg.

Nøkkeltal

 

Juni 17

Sept 17

Okt 17

Nov 17

Des 17

Jan 18

Feb 18

Mars 18

Apr 18

Mai 18

Juni 18

Heilt ledige

846

847

776

784

878

987

955

972

944

780

742

Av dette: Permitterte


82


75


63


56


85


70


96


119


130


81


33

Av dette:    Langtidsledige


196


176

167


162


170


166


159


181


181


177


183

Delvis ledige

654

645

649

647

598

587

626

604

500

536

584

Arbeidssøkjarar på tiltak


201


195

236


280


299


297


339


348


332


310


266

Tilgang stillingar

421

436

386

313

415

1026

813

537

658

580

476

Artikkeltags