Folketalet går ned i Sogn og Fjordane

Av

Fallande folketal i nær halvparten av kommunane i Norge.

DEL

Folketalet i Noreg har auka med 17.400 personar i første halvår, men berre 208 av dei 422 kommunane tok del i veksten. I 201 kommunar gjekk folketalet ned.

Auken skjedde i allereie folkerike kommunar, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I kommunane der folketalet auka, budde det i gjennomsnitt 20.300 personar ved utgangen av juni, medan det i kommunane med nedgang budde gjennomsnittleg 5.200 personar. Nedgangen fordeler seg på fem fylke – dei tre nordlegaste, og dessutan Oppland og Sogn og Fjordane.

I andre kvartal er det registrert 10.600 innvandringar, det lågaste talet for noko kvartal sidan 2006. Likevel vart det registrert ei positiv nettoinnvandring, altså fleire innvandringar enn utvandringar, i alle fylke.

Når det gjeld flytting internt i landet, er situasjonen ein annan. Det var innanlands fråflytting frå alle fylka i Nord-Noreg og på Vestlandet i andre kvartal. I eit fleirtal av fylka på Austlandet var det fleire som flytta til enn flytta frå.

Østfold hadde flest netto innanlandsflyttingar samanlikna med folketalet, med 2,79 per 1.000 innbyggar. Troms hadde færrast, med -3,65 netto innanlandsflyttingar per 1.000 innbyggar.


Artikkeltags