Fellingsløyve på ulven i Sogn og Fjordane

Denne sauen er ifølge Statens naturoppsyn drepen av ulv. Skadane er ferske, eitt eller to døgn gamle.

Denne sauen er ifølge Statens naturoppsyn drepen av ulv. Skadane er ferske, eitt eller to døgn gamle. Foto:

Av
DEL

Frå torsdag er det gitt løyve til å jakte på ulven som har vore i Sogn og Fjordane siste veka.

Fellingsløyve gjeld for kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger, og gjeld til og med 31. mai, melder NRK.

Beitelaga og rovviltnemnda i fylket søkte om løyve etter sauebonden Trygve Solaas fann ein av sauane sine biten til døde søndag.

Sauebøndene i Sogn og Fjordane har den siste veka vore fortvila. Ein ny beitesesong står for døra, men bøndene meiner det er vanskeleg å sleppe dyra ut på beite når dei veit det er ulv i nærleiken.


Artikkeltags