Dette tener leiarar i Sogn og Fjordane

LEIAR-LØNNINGANE: Leiarar i Sogn og Fjordane tener i snitt mindre enn kva leiarar i Hordaland og Møre og Romsdal tener. Her er fire daglege leiarar i fylket i samband med eit byggeprosjekt på Hafstad sommaren 2015. F.v. Finn Olav Øen i Åsen & Øvrelid, Sverre Martin Stensæth i Gravdal Bygg, Leif Arne Åsen i Å & Ø Utvikling og Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa.

LEIAR-LØNNINGANE: Leiarar i Sogn og Fjordane tener i snitt mindre enn kva leiarar i Hordaland og Møre og Romsdal tener. Her er fire daglege leiarar i fylket i samband med eit byggeprosjekt på Hafstad sommaren 2015. F.v. Finn Olav Øen i Åsen & Øvrelid, Sverre Martin Stensæth i Gravdal Bygg, Leif Arne Åsen i Å & Ø Utvikling og Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa. Foto:

FYLKET: Leiarar i Sogn og Fjordane tener i snitt 709.000 kroner. Det er mindre enn kva sjefar i nabofylka våre tener.

DEL

Årslønna til ein leiar i Sogn og Fjordane ligg i snitt på 709.000 kroner. Det er sju prosent mindre enn kva leiarar i Hordaland tener, der snittlønna ligg på 756.00 kroner årleg. Ser vi til Møre og Romsdal tener leiarar også der betre med ei snittlønn på 717.000 kroner.

Tala kjem frå den nye utgåva til Norsk Ledelsesbarometeret frå arbeidstakarorganisasjonen Lederne.

30.000 kr under landssnittet

På landsbasis ligg ei gjennomsnittleg lønn for leiarar på 738.600 kroner.

– Norge har ganske store regionale variasjonane i leiarlønn. Desse kan blant anna forklarast med skilnader i næringsgrunnlag og bransjeinndeling frå stad til stad. I nokre sektorar, som olje og gass, er leiarlønningane forholdsvis høge, mens leiarar i kommunal sektor jamt over har lågare lønn, seier Audun Ingvartsen i ei pressemelding.

Ingvartsen er forbundsleiar i arbeidstakarorganisasjonen Lederne, som står bak Norsk Ledelsesbarometer.

Bruttoårslønna til leiarar som jobbar i utanlandskeigde føretak, er i snitt 115.900 kroner, eller 17 prosent, høgare enn årsløna til leiarar i norske bedrifter.

Det skuldast mellom anna at leiarar på større arbeidsplassar tener meir, og at fleire får bonus. Medan 24 prosent av leiarar i bedrifter med norsk eigar, fekk bonus i 2017, er talet oppe i 36 prosent for leiarar i bedrifter med utanlandsk hovudeigar.

I fjor tente leiarar i utanlandskeigde bedrifter i Norge i snitt 809.500 kroner før skatt.

Kvinner tener mindre enn menn, men gapet er mindre

Hittil i år har 4332 verksemder gått konkurs, ifølge fagportalen Credit News. Det er over åtte prosent fleire enn til same tid i fjor. Blant årets konkursar finn vi aktørar som Rafens, Tilbords, Spaceworld Soundgarden og Enklere Liv. I fjor gjekk Norske Skog konkurs.

Ser vi på forskjellen i bransjane, er det leiarar i olje- og gassektor som har den høgste årsløna. Her er snittlønna på nesten éin million kroner. Handels- og industrileiarar tener i underkant av 700.000 kroner, mens leiarar i attføringsbedrifter har den lågaste årsløna i målinga; knappe 550. 000 kroner før skatt.

Kvinnelege leiarar tener 81 prosent av kva mannlege leiarar gjør, ein liten betring frå 2016.

På fylkesnivå ligg leiarar i Rogaland på lønnstoppen, med ein gjennomsnittleg brutto årslønn på om lag 830.000 kroner. Deretter følger leiarar i Hordaland og Oslo, der snittlønna ligg på høvesvis 756.000 og 741.000 kroner. Målingas lågaste leiarlønning finn vi i Oppland, med ein snittlønn på 579 000 kroner, heiter det i pressemeldinga. 

Dette tener norske leiarar:

1 042. 800 – i statsaksjeselskap

809.500 – i selskap med utanlandsk hovudeigar

693.600 – i norskeigd næringsliv

663.500 – i statleg/offentleg verksemd

648.700 – i fylkeskommune/kommune

738. 600 – i snitt for alle Ledernes medlemmer

(Bruttoårslønn i NOK for Ledernes medlemmer i 2017. Kjelde: Norsk Ledelsesbarometer 2018)

Artikkeltags