Alice (18) og Sindre (21) viste seg fram på The Voice

TO FRÅ FYLKET: Fredag kveld var to frå fylket med i andre runde av The Voice. Alice Kucevic Hugøy rauk ut, Sindre Steig gjekk vidare til neste runde.

TO FRÅ FYLKET: Fredag kveld var to frå fylket med i andre runde av The Voice. Alice Kucevic Hugøy rauk ut, Sindre Steig gjekk vidare til neste runde. Foto:

Alice Kucevic Hugøy frå Florø og Sindre Steig frå Fortun i Sogn var begge med i duellar i The Voice. Sindre kjem tilbake på skjermen. For Alice var det siste opptreden i denne omgang.

DEL

Sindre Steig (21) frå Fortun i Sogn og Emilie Aasvangen var dei første ut i duell på The Voice etter nyheitene fredag kveld. Dei er på Morten Harket sitt lag.

– Eg føler meg utruleg, utruleg spent på om dette kjem til å gå bra, seier Sindre Steig før han går ut på scena. Der venta han først på at Emilie song, før han entra scena og song «Stop This Train» av John Mayer.

Etter at dei begge var ferdige sa Morten Harket:

– Veldig fint, det var det.

Han rosa Emilie for flott song, og sa at det var som om ho song direkte til han.

– Sindre du er spesiell

– Du Sindre er spesiell rett og slett. Du er annleis enn alle andre eg kjenner. Du har liksom fleire stader i stemma du kan gå til. Ein demonstrasjon av korleis ein kan gjere ting, sa Morten Harket.

Då Harket skulle gjere eit val sa han:

– Eg tar med Sindre.

– Det har vore eit eventyr

Alice Kucevic Hugøy (18) frå Florø er på Yosef sitt lag, og møtte Kristoffer Edvardsen (20) til duell.

– Her blir det Florø mot Mo i Rana, var introduksj– onen dei fekk då dei kom inn på scena.

Alice var først ut, og song «Love me Again» av John Newman.

– Veldig godt gjennomført. Du har tilført ting i låten. Veldig bra! var Yosef sin kommentar til Alice etter duellen.

Veldig godt gjennomført. Tilført ting til låten. Veldig bra!

Yosef valde likevel å ta med seg Kristoffer vidare i The Voice.

– Det har vore eit eventyr, eg har kost meg masse, lært masse blitt kjent med så mange fine folk. Tusen takk, sa Alice då det vart klart at ho var ute av The Voice.

Også Førde-jenta Charlotte Hjelmeland kom til andre runde i The Voice.

The Voice-eventyret over for Charlotte (23) 

Artikkeltags