63 fleire får skuleplass på vidaregåande

ANDRE INNTAK: 3677 søkarar har no fått tilbod om skuleplass på vidaregåande opplæring for skuleåret 2019-2020. Bildet syner Øyrane vidaregåande skule i Førde.

ANDRE INNTAK: 3677 søkarar har no fått tilbod om skuleplass på vidaregåande opplæring for skuleåret 2019-2020. Bildet syner Øyrane vidaregåande skule i Førde. Foto:

Men 125 søkarar med ungdomsrett står også utan tilbod.

DEL

Det kjem fram etter at andre inntak til vidaregåande opplæring for skuleåret skuleåret 2019-20 er klart.

3677 søkjarar har no fått tilbod om skuleplass, og svarfristen for søkarar som har fått tilbod ved det andre inntaket er 2. august. Det kjem fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Etter første inntak fekk 89 prosent av søkarane med ungdomsrett tilbod om skuleplass på det programområdet dei hadde som førsteval for 2019-20.

Etter det andre inntaket har 63 fleire fått eit tolbod.

Samstundes står 125 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram. Det er no 441 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane.

Det er dei vidaregåande skulane sjølve som tek over inntaket frå 12. august.

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli finn du på heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune: www.sfj.no.

Artikkeltags