Konkluderer med at Sogn brann ikkje hadde gode nok rutinar i dødsulykka

DØDSULYKKE: 14. april omkom ein mann i 40-åra på riksveg 55 ved Nornes. No har Havarikommisjonen klar ein rapport om ulykka.

DØDSULYKKE: 14. april omkom ein mann i 40-åra på riksveg 55 ved Nornes. No har Havarikommisjonen klar ein rapport om ulykka. Foto:

Asfaltkanten, dekk med lite trykk, den smale vegen og manglande trening medverka til dødsulykka ved Nornes i april i fjor.

DEL

Det Konkluderer Havarikommisjonen rundt dødsulykka der ein brannbil og ein person bil krasja, melder NRK.

Statens vegvesen kom med sin rapport i januar og dei konkluderte mange av dei same som Havarikommisjonen no konkluderer.

14. april medførte kollisjonen at ein mann i 40-åra omkom. Havarikommisjonen melde i mai at dei granska ulykka og at dei skulle legge vekt på å finne ut kvifor brannbilen kom ut av kontroll.

Brannbilen var under utrykking då ulykka skjedde.

– Undersøkinga har avdekt at vegtilhøva på staden, med smal veg og ein asfaltkant på kring 14 cm, var ein medverkande faktor til at tankbilen miste kontrollen då han svinga inn på vegbana att, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i Havarikommisjonen, melder NRK.

Vegvesenet konkluderte også med at manglande erfaring med å køyre utrykking kan ha vore ei medverkande årsak.

Hadde ikkje gode nok system

Vidare konkluderer havarikommisjonen at Sogn brann og redning ikkje hadde gode nok system for å gjennomføre vedlikehaldstrening.

Manglar blei påvist hos Sogn brann:

– Sogn brann og redning har retta opp og gjort noko med. Slik sett har vi ikkje grunnlag for å rette stor kritikk mot brannvesenet i ettertid, seier Mellum, melder NRK.

Statens vegvesen har no innført krav til dokumentert vedlikehaldstrening ved fornying av kompetansebevis for utrykkingskøyring.

Dette gjer vegvesenet for å sikre at førarane av utrykkingskøyretøya har rett kompetanse.

Artikkeltags