Fardal i Sogn: Personar ropte om hjelp 150 meter frå land

DEL

Hovudredningssentralen og naudetatane er på veg til Bondeviki i Fardal i Sogn. Det er høyrt rop om hjelp frå personar som er ute på fjorden, mellom 100 og 150 meter frå land. Dei er like ved ein kajakk.

– Vi er på veg fram, meldte politiet på Twitter klokka 17.16.

Operasjonssentralen opplyser om at dei no har kome trygt på land og at alt er i orden.

– Dei har på ein eller annan måte klart å kome seg ut av kajakken. Vi veit ikkje korleis endå, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Artikkeltags