Bil innesperra av ras - og fleire personar er evakuerte med helikopter

– Dei to personane i bilen skal har evakuert seg sjølv, opplyser politiet.

DEL

BA: Politiet opplyser at ein bil er fanga mellom to jordras i Jordalen, på grensa mellom Aurland og Voss kommune. Naudetatane vart varsla klokka 19.

Raset skal ha gått ved Røyrdotten, som ligg i Sogn, men like ved fylkesgrensa til Hordaland.

– Vi fekk melding om at det var gått to ras, eit føre og eit bak ein personbil. Men det er også mogleg at det er snakk om eitt ras, som har delt seg, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Helge Blindheim.

– Korleis gjekk det med dei involverte?

– Det var to personar i bilen. Begge to har tatt seg ut gjennom takluka i bilen og evakuert seg sjølv ut frå rasområdet, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Helge Blindheim og legg til:

– Vi er på veg til staden, og har vore i kontakt med dei involverte per telefon. Så langt framstår dei to som uskadde.

Helikopter på veg

Alle naudetatar, og redningshelikopter frå Florø, har rykt ut.

– Det er fleire personar som no blir henta ut ved hjelp av redningshelikopter. Desse er innesperra og kjem seg ikkje ut fordi raset har sperra vegen. Desse personane ønsker sjølv og bli frakta ut med tanke på den uavklart situasjonen som har oppstått, skriv politiet i ei pressemelding måndag kveld.

Det er framleis farenivå gult i området.

– Det pågår no eit arbeid med å få ut geolog for å vurdere faren for nye ras i området, og samtidig vurdere det området der det allereie har gått ras. Det er meldt om nokre mindre ras i same området og elvar som er gått over breiddene sine. Det blir med jobba skaffe seg ei oversikt over situasjonen ved hjelp av helikopter, skriv politiet.

Det er oppretta eit evakueringssenter i nærleiken der politiet og kommunale etatar jobbar med innhenting av opplysningar og oppteljing av personar som er inne i det rasutsatte området.

– Eg kjenner ikkje alle detaljane, men folk er isolerte fleire stader etter at det har gått fleire mindre ras, og fleire elvar har gått over breiddene sine, seier operasjonsleiar Blindheim.

Meir regn i vente

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola, Bjørn Magnussen, seier til BA måndag kveld ved 2145-tida at evakueringen no er over, og at nokon har valt å bli igjen i området.

– Det har vore litt usikkerheit knytt til den totale mengda personar som har vore i området. Vi har flytta folk ut frå ei hytte, der det var sju eller åtte personar, og frå ein støl der det var 14–16 personar. Nokre av dei har valt å bli igjen, seier Magnussen.

Geolog er på staden for å vurdere situasjonen.

– Det kjem meir regn utover kvelden, seier Magnussen.

Artikkeltags