Politiet fatta mistanke og stoppa bil: Der fann dei ein rusa sjåfør og narkotika på passasjeren

DEL

Ein politipatrulje ved Fardal utanfor Sogndal kom måndag kveld rundt klokka 23.30 bak ein bil dei fatta mistanke mot.

Dei fekk stoppa køyretøyet.

Det viste seg å vere lurt:

Sjåføren i bilen, ein mann i 20- åra, var nemleg ikkje var edru.

– Passasjeren verka også rusa og både bilen og dei to mennene blei ransaka, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Knut Dahl- Michelsen til Firda.

Det enda med at politiet fann litt narkotika på passasjeren.

Sjåføren blei teken med for å ta blodprøve og det blir oppretta sak på hendinga.

Begge to blei seinare dimitterte, melder politiet.

Artikkeltags