Mann braut besøksforbod mot eksen – frakta i arresten

DEL

Politiet måtte natt til tysdag rykke ut til ein bustad i Sogn etter at ein mann braut besøksforbodet mot ekskjærasten sin.

Han skal tidlegare i pinsa ha slege kvinna og utøvd vald mot henne. Etter at han oppsøkte henne natt til måndag, fekk han besøksforbod.

Men det brydde mannen i 50- åra seg ikkje om, for natt til tysdag tok han på ny kontakt, og denne gongen godt rusa.

– Vi reiste ut og henta mannen i natt, og no sit han i arresten i Førde, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda tysdag morgon.

Artikkeltags