Hund på frifot- no leitar politiet etter eigaren

DEL

Politiet fekk like før klokka 09.00 søndag morgon melding om ein hund på frifot ved Hermansverk i Sogn.

Innringaren passar på hunden, som er om lag 15 kilo og ser ut til å vere ein border collie.

Hunden er svart og kvit på hovudet og rundt snuten. Om du saknar denne hunden, kan du ringe politiet på 02800, melder Vest politidistrikt søndag morgon.

Artikkeltags