Vikinglandsby i Sogn skulda for historieforfalsking

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Provoserande og historielaust, seier historikar og forfattar.

DEL

Vikingparken i Gudvangen får dårleg kritikk av historikar, som meiner parken både er historieforfalsking, useriøs og provoserande – og ikkje høyrer heime i eit område som ligg på verdsarvlista til Unesco.

Temaparken «Viking Valley» i Gudvangen i indre Sogn lokkar med vikingmat og vikinghus.

Historikar og forfattar Aud Farstad skriv i ein kommentar i avisa Klassekampenat det både er provoserande og historielaust å leggje ein slik park i eit verdsarvområde. Ho meiner også at vikinglandsbyen ikkje er bygd på historiske fakta.

– Dei presenterer vikingbyar og vikingmat, men noko slikt har aldri eksistert. Det er tøv og sirkus og har ikkje noko med kulturen i verdsarvområdet å gjere, seier Farstad til NRK. Ho meiner byggjeskikken i landsbyen og heile presentasjonen av vikingtida er oppdikta.

Frode Aas Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, som står bak vikinglandsbyen, hevar seg over kritikken.

– Kunnskapslause personar har eg høyrd uttale seg før. Farstad har ikkje ein gong vore inne i vikinglandsbyen, og ho har ikkje snakka med oss. Vi har ikkje forfalska noko og eg tek det ikkje seriøst, seier han til NRK.

– Vi har brukt dokumenterte byggjeteknikkar frå vikingtida. Men alle husa er tilpassa gjeldande regelverk og til å kunne brukast som verkstad og historieformidling, seier han vidare.

Artikkeltags