Sunnfjording køyrde nær 50 km/t over fartsgrensa- slikt blir det feite bøter av

Sunnfjording på ferde i Sogn må punge ut.

DEL

Det var i april i år at sunnfjordingen i slutten av 20-åra gassa godt på under motorsykkelturen i Sogn.

Trass i at trafikkskiltet synte 80 km/t, hindra ikkje dette sjåføren i å ligge i 128 km/t. Då laseren til politiet fanga opp dette, blei enden på visa at sunnfjordingen nyleg måtte møte i Sogn og Fjordane tingrett.

Mannen la alle korta på bordet då han møtte i retten. No må han greie seg utan førarkortet til motorvogn i sju månader og må ta den praktiske førarprøva på ny.

Han må også betale 12.500 kr i bot, samt at han er dømd til vilkårsbunde fengsel i 15 dagar. Dersom han held seg unna trøbbel dei to neste åra, slepp han altså å sone denne straffa.

Artikkeltags