UDI-direktør kan bli rådmann i ny sognekommune

Artikkelen er over 1 år gammel

Tilsetjingsutvalet har innstilt Stig Arne Thune som rådmann i den nye storkommunen i Sogn.

DEL

Ifølgje Sogn Avis er Thune fødd i 1968 og har vakse opp i Solvorn i Luster. Thune har vore rådmann i Sund kommune utanfor Bergen og er i dag regiondirektør i UDI Vest.

Fellesnemnda skal tilsetje rådmann på møte fredag. At tilsetjingsutvalet har innstilt berre ein av søkjarane, er vanleg ved tilsetjing av rådmenn, opplyser leiar Jarle Aarvoll til Sogn Avis.

Det er dei tre kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal som skal gå saman til ein ny storkommune.

Artikkeltags