Gå til sidens hovedinnhold

Klart for statleg nedslakting av villrein

Artikkelen er over 3 år gammel

I seks månader skal 30 personar jobbe på skift for staten med å utrydde ein heil stamme på 1.500 villrein. Målet er å fjerne smittsam skrantesjuke i Noreg.

Det blir tatt i bruk helikopter og etter kvart snøscooter i den statlege jakta i Nordfjella, som startar tysdag. Regjeringa har sett av 100 millionar kroner til føremålet.

– Vi synest jo det er eit trist oppdrag. Men det må til om ein skal ha ein sjanse til å bli kvitt sjukdommen, seier seksjonsleiar Kjartan Knutsen i Statens naturoppsyn til NTB.

Til saman skal 30 personar jobbe med nedslaktinga. Dei går i ei skiftordning der ti personar alltid er ute på jakt. Innan mai neste år håper ein at alle dyra er drepne.

– Tidsaspektet er blitt vurdert som veldig viktig. Det er ein dramatisk og vemodig handling å skulle felle alle dyra, men det er noko langt større som står på spel, seier Knutsen.

Einaste tilfelle i Europa

Grunnen til at norske styresmakter går så drastisk til verks, er den dødelege skrantesjuke (CWD). Så langt er den smittsame varianten av sjukdommen berre påvist eitt stad i Europa – i Nordfjella villreinområde, som strekker seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sju rein i dette området har fått påvist sjukdommen. Ved å ta ut heile stammen håper ein å unngå at skrantesjuka får fotfeste i Noreg.

– Så vidt vi veit, finst den smittsame varianten av CWD og skrantesjuke berre i Nordfjella sone 1. No har vi ein viss sjanse til å få fjerna sjukdommen frå Noreg. Alternativet ville vore at dette spreier seg ut i villreinbestandane vi har, på sikt kanskje også over i tamreinområda, seier Knutsen.

Tar prøver av dyra

Det var 2.200 villrein i Nordfjella då den ordinære jaktsesongen starta i august. Dermed utgjorde dei om lag ti prosent av den norske villreinstammen. Det blei felt 700 dyr gjennom jakta, og det står att 1.500.

Dei som skal jobbe med nedslaktinga, er alle tilsett i Statens naturoppsyn, anten fast eller for dette prosjektet.

– I starten skal mannskapet flygast ut med helikopter. Dei skal gå til fots og eventuelt på ski der det måtte vere mogleg. Dyra dei feller, blir flogne ut med helikopter. Etter kvart som det blir tilstrekkelege snøforhold, går vi over til å bruke snøscooter, seier Knutsen.

Dyra blir frakta heile til ein prøvetakingsstasjon som skal setjast opp for dette høvet. Så framt vêret tillèt det, vil jakta gå føre seg sju dagar i veka fram til ein pause rundt juletider.

Kritikk

Nedslaktinga er bestemt av Mattilsynet og har støtte frå regjeringa. Men ikkje alle synest det er ein god idé.

Ordførarane i fleire kommunar i Sogn og Fjordane og Buskerud har bedt landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) om å revurdere planane. Ordførarane i kommunane som grensar til Nordfjella, møtte måndag Dale for å drøfte saka, men utan å nå fram.

– Strategien ligg fast, slo landbruksministeren fast etter møtet.

Dale roste elles kommunane for bidraga dei har komme med i dette vanskelege arbeidet. Han peika òg på kor viktig det blir med lokal involvering når villreinstammen skal reetablerast i Nordfjella.

Vil aksjonere

Miljøaktivist Kurt Oddekalv har også stilt seg kritisk til jakta. Han seier til NRK at han planlegg å reise til Lærdal for å aksjonere, og at styresmaktene kan vente seg betydeleg motstand dei neste vekene og månadene.

– La naturen ordne opp i dette utan at menneske skal inn med gevær. Det er eit overgrep mot befolkninga i Lærdal. Eg trur vi skal finne ein regel vi klarer å stoppe dei med, seier han.

Kjartan Knutsen i Statens naturoppsyn avviser at jakta kan bli stoppa, og seier at lovheimlane dei opererer under gir dei rett til å bevege seg fritt i området.

– Vi håper at vi får anledning til å jobbe i fred. Vi vil ikkje akseptere om vi blir direkte hindra. Da vil vi umiddelbart kontakte politiet, seier han til NTB.

Fakta om skrantesjuke og nedslaktinga av rein i Nordfjella

  • Skrantesjuka, eller CWD (Chronic Wasting Disease), er ein prionsjukdom som i fleire tiår har vore kjent hos ulike hjortedyr i Nord-Amerika. Den er 100 prosent dødeleg.
  • Ein smittsam variant av sjukdommen er påvist hos sju villrein i Nordfjella i Noreg. I tillegg er andre variantar av skrantesjuke påvist hos tre elgar og éin hjort i andre delar av landet. Dette er første gong sjukdommen er påvist i Europa.
  • Det er ikkje rapportert tilfelle av overføring av CWD til husdyr.
  • Sjukdommen kjem av ei unormal form av eit protein som kallast prionprotein. Den smittar truleg til andre dyr gjennom kontakt med kroppsvæsker.
  • Hjernevevet får eit karakteristisk svampliknande utsjånad. Sjukdommen gir avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte bevegelsar, tap av kroppsfunksjonar og død.
  • Mattilsynet gjekk 19. april inn for å avlive heile villreinstammen på rundt 2.200 dyr i Nordfjella, der sjukdommen er påvist, for å hindre smitte. 8. mai gav landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) si tilslutning til tilrådinga. Dyra i Nordfjella utgjer ti prosent av den norske villreinstammen.
  • Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett sett av 26 millionar kroner til nedslakting av villreinstammen. Totalt vil prosjektet koste rundt 100 millionar kroner over fleire år.
  • Heile stammen skal vere borte innan 1. mai neste år. Etter fem år skal stammen byggjast opp igjen med friske dyr.
  • Nordfjella, eller Skarvheimen, er høgfjellsområda mellom Jotunheimen og Hardangervidda i Oppland (Vang), Buskerud (Hemsedal, Ål og Hol), Hordaland (Ulvik) og Sogn og Fjordane (Aurland og Lærdal).
  • Gjennom den ordinære jakta blei det felt 700 villrein i Nordfjella. Dermed står att det om lag 1.500 dyr som skal takast ut under den statlege jakta.
  • Den statlege jakta startar 7. november. 30 personar er tilsett av Statens naturoppsyn og skal jobbe på skift med nedslaktinga. Dei døde dyra blir frakta ut med helikopter.

(Kilde: Veterinærinstituttet, SNL, Statens naturoppsyn, NTB)

Kommentarer til denne saken