Sat skårfast heile natta – 2300 meter over havet

DEL

Politiet melder fredag kveld at det var sett i gang ein redningsaksjon på Styggedalstind i Luster i Sogn, i nærleiken av ein isbre.

Ein person hadde gått seg skårfast i tåke. Han har også mindre skader i ein fot.

Personen er kjent i området, men kom seg ikkje vidare.

Det vart sendt inn mannskap frå Røde Kors saman med mannskap som har brekompetanse i området for å hente ned personen.

Klokka 19.30 er mannskapa på veg mot staden.

Først klokka 10 laurdag føremiddag kom meldinga om at det heile har gått bra. Aksjonen varte heile natta. Ei Alpin fjellredningsgruppe frå Sogndal seg fram til mannen og har laurdag føremiddag fått han ned frå fjellet igjen.

Artikkeltags