Familie på fire måtte ha hjelp ned frå fjellet

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGN: Norsk Folkehjelp vart kontakta av ein kald og våt familie, som sleit med å komme seg ned att frå fjellet.

DEL

Like etter klokka 20.00 opplyste politiet at dei hadde blitt kontakta av ein familie på fire frå Nederland. Dei fire hadde vore til fjells i Årdal, og var på veg frå Vetti til Heimre Hjelledalen ved Utladalen.

– Ingen av dei er skadde, men dei er slitne, kalde, og våte, opplyser operasjonssentralen ved Politiet Vest i Florø.

Dei fortel vidare at Norsk Folkehjelp fekk kontakt med dei, og følgjer dei ned til Utladalen.

Klokka kvart over ni melde politiet at alle dei fire var komne trygt ned igjen frå fjellet.

Artikkeltags