Laksesmolt frå Sogn og Fjordane er truleg hardast råka av lakselus i år. I slutten av sesongen blei det funne lakselus på all laksesmolt som blei undersøkt, og tilsvarande auke for sjøaure. Dette kjem fram i ein ny framdriftsrapport frå Havforskingsinstituttet.

Nivåa skaut i vêret i løpet av undersøkingsperioden i mai/juli.

– I Sognefjorden er det spesielt laksen som slår ut. I starten av perioden observerte vi lite smitte, før den to veker seinare gjekk rett i taket, seier Rune Nilsen, ansvarleg for overvaking av lakselus på vill laksefisk hos Havforskingsinstituttet.

Overvakinga har skjedd i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (Nina), Uni Research Miljø og TF Aquaconsult.

Samansette grunnar

– I modellane ser vi at Sognefjorden blei full av lakselus etter kvart – i alle fall i ytre del. Det skuldast mest sannsynleg endringar i mengde lus i området laksen passerer. Det er samansette grunnar til at det er mykje lus i desse områda. Det kan ha med vindpåverka straumforhold å gjere, som gir større tettleik av lakselus.

I tillegg trekk han fram effekten av temperatur.

– Lakselusa er eit vekselvarmt dyr, og utviklinga er styrt av temperatur. I belasta område som Sogn og Fjordane får ein opphoping av lus gjennom sommaren, seier Nilsen.

Trålinga skjedde ytst i Sognefjorden. I starten av perioden var 17 prosent av fisken infisert, med eit snitt på éin lus per smolt. To veker seinare var delen infisert fisk auka til 100 prosent, med eit snitt på 16 lus per smolt. Ei veke seinare auka snittet ytterlegare, til 67 lus per smolt.

Det var også ei auke for sjøaure, som blei undersøkt med ruse- og garnfiske i ytre Sognefjord og ytre Nordfjord.

For tidleg å spekulere i effekten

Nilsen meiner det er vanskeleg å slå fast akkurat kor kraftig auka er frå tidlegare år, sidan dei har endra metoden for overvaking.

– Nytt av året er at vi har teke i bruk tråling, og rettar innsatsen mot utvandrande laksesmolt. Tidlegare har ein brukt indirekte mål for å anslå smitta.

Han understrekar at han ikkje kan spekulere i effekten av observasjonane.

Nytt forvaltingssystem

Sluttrapporten kjem i slutten av året, og skal levere data til det nye «trafikklyssystemet». Systemet er eit nytt forvaltingssystem for havbruksnæringa, der kysten er delt inn i fleire soner.

Annakvart år vurderer departementet berekrafta i kvar sone. «Raudt lys» betyr reduksjon, mens «grønt lys» betyr at ein tillèt vekst. Det raude lyset tennast når det er stor dødelegheit som følge av lakselus, og om stammen er liten nok til at den må vernast.

Den første vurderinga er like rundt hjørnet, og er ei prøvekøyring av det nye systemet.

«Trafikklyssystemet»

Produksjonsområdeforskrifta slår fast område for produksjon og korleis kapasiteten skal regulerast. Departementet vurderer om miljøpåverknaden av lakselus i produksjonsområdet er akseptabel («grønt lys»), moderat («gult lys») eller uakseptabel («raudt lys»). Dette blir gjort annakvart år.

«Raudt lys»: Departementet kan justere ned produksjonskapasiteten.

«Gult lys»: Departementet kan avså frå endre produksjonskapasiteten.

«Grønt lys»: Departementet kan gi løyve til ei auke av produksjonskapasiteten. Om kapasiteten tidlegare er justert ned, skal den justerast opp før ein gir løyve til ei auke i kapasitet.

Produksjonsområde: (1) Svenskegrensa til Jæren, (2) Ryfylket, (3) Karmøy til Sotra, (4) Nordhordland til Stadt, (5) Stadt til Hustadvika, (6) Nordmøre og Sør-Trøndelag, (7) Nord-Trøndelag med Bindal, (8) Helgeland til Bodø, (9) Vestfjorden og Vesterålen, (10) Andøya til Senja, (11) Kvaløya til Loppa, (12) Vest-Finnmark, (13) Aust-Finnmark.

Dei nye områda trer i kraft 15. oktober.

Kjelde: Forskrift om produksjonsområder for akvakultur av matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret

Lakselus

Latinsk namn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbreiing: Finst naturleg i norske farvatn. Omfanget har auka betrakteleg i takt med veksten i oppdrettsnæringa.
Biologi: Lakselusa er ein parasitt med åtte livsstadium fordelt på tre frittlevande, to fastsittande og tre mobile stadium. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: Vaksen hoe: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrengar), vaksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod frå laksefisk. Lusene et først når dei sit på ein vertsfisk (fastsittande og mobile stadium).
Formeiring: Heile året, men formerer seg hurtigare når temperaturen aukar utover våren.
Spreiing: Frittlevande stadium spreier seg via fjord- og kyststraumar.
Motverking: Biologiske midlar (leppefisk) eller kjemikalie (legemiddel).

Kjelde: Havforskingsinstituttet.