Femten flyktningar mista huset i brann

Femten personar mista huset i storbrann i Gaupne.

Femten personar mista huset i storbrann i Gaupne. Foto:

Rekkehus totalskadd i Gaupne.

DEL

– Vi fekk melding ti på elleve om kvelden, og fekk raskt inntrykk av at bygningen var overtend. Då vi kom til staden var brannvesen i gang med sløkkingsarbeid, men brannen spreidde seg raskt og det enda med at alle seks leilegheitene vart totalskadde, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Seint torsdag kveld begynte eit rekkehus med seks bueiningar å brenne. Ifølge politiet vart bygget tidleg evakuert, og dei femten som budde i huset vart tekne hand om av helsevesen og kriseteam i kommunen. Dei er no innlosjerte på Gaupnetunet hotell.

Kriminalteknikarar skal undersøke

Klokka 01.45 melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen og no dreiv med ettersløkking.

Då Firda snakkar med politiet fredag morgon, driv brannvesenet framleis ettersløkking. Politiet vil halde vakt fram til dei får undersøkt åstaden.

– Det er for tidleg å seie noko om årsak, og vi vil nok sende kriminalteknikar til staden når det er kjølig nok til å gå gjennom, seier Knappen.

Dei femten som budde i huset var alle flyktningar i Gaupne, blir det opplyst.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags