Etter at ei 13-år gammal jente døydde i ein fosterheim i Sunnfjord i februar 2016, konkluderte Fylkeslegen med at jenta ikkje hadde fått forsvarleg oppfølging av barnevernet.

Denne torsdagen kom Fylkesmannen med ei presisering om at dei ikkje har tatt stilling til om ein barnevernsvikt har skulda for dødsfallet. Bakgrunnen for presiseringa var saker i mellom anna Sogn Avis med oppslaget «Jenta døydde etter svikt i barnevernet» på måndag.

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

– Fylkesmannen vil på bakgrunn av oppslaget i Sogn Avis (og liknande oppslag andre stader) understreke at vi ikkje har teke stilling til om det er årsakssamanheng mellom sakshandsamingsfeil i Sogn barnevern og dødsfallet. Slike vurderingar er ikkje ein del av vårt tilsyn. Vi har vurdert om barnevernets oppfølging av barnets særlege omsorgsbehov var forsvarleg, heiter det i presiseringa frå Fylkesmannen.

Jenta var opphavleg frå ein stad i Sogn, men budde i ein fosterheim i Sunnfjord då ho døydde.