Nær 9 av 10 får førstevalet på vidaregåande skule

FØRSTE INNTAK: Ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har dei gitt 482 søkarar tilbod om skuleplass, av 543 plassar totalt.

FØRSTE INNTAK: Ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har dei gitt 482 søkarar tilbod om skuleplass, av 543 plassar totalt. Foto:

89 prosent av alle søkarar med ungdomsrett fekk torsdag tilbod på førstevalet sitt i vidaregåande opplæring.

DEL

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogn og Fjordane fylkeskommune delte nyheita i ei pressemelding.

Til saman 4469 personar har søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2019–2020. Av desse har 4051 ungdomsrett, det vil seie at dei har gjennomgått grunnskulen og har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Retten gjeld innan utløpet av det året ein fyller 24 år. 3614 søkarar fekk tilbod om skuleplass i første inntak.

Etter første inntaket er det om lag 190 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak, eller etter at skulane tek over inntaket frå 12. august.

Det er om lag 360 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkarar utan ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 12. august.

Sjå detaljert liste over første inntak for kvar skule her.

Artikkeltags