Misnøgde med regionnamnet: – Fantasilaust og historielaust

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman bør storfylket ta namnet Bjørgvin, ikkje Vestlandet, meiner styret i Sogn og Fjordane mållag.

– Vi er svært nøgde med at nynorsk er vedteke som administrasjonsspråk i den nye regionen, men vi er mindre nøgde med namnet som forhandlingsdelegasjonane er blitt samde om, heiter det i ei fråsegn frå mållaget, skriv Fjordenes Tidende.

Dei viser til at namnet Vestlandet er både fantasilaust og historielaust, medan namnet Bjørgvin finst i skriftlege kjelder frå 1349 og i andre former av namnet frå endå lenger tilbake.

– Eit namn som har overlevd Svartedauden er godt kvalifisert til å bli namnet på den nye regionen, heiter det i fråsegna.

(©NPK)

Artikkeltags