Fare for flaum og jordskred i dag, men i morgon kjem sola og godvêret

VÅTT: Sørlege og indre delar av Sogn og Fjordane får det våtast i dag. Det skal regne mest om ettermiddagen.

VÅTT: Sørlege og indre delar av Sogn og Fjordane får det våtast i dag. Det skal regne mest om ettermiddagen. Foto:

VÊRET: Tysdag vil regnet hølje ned, men allereie i morgon dukkar sola opp og godvêret held seg heilt til søndag.

DEL

– Det vil regne mest i indre og sørlege strøk i Sogn og Fjordane i dag, melder meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet tysdag morgon.

I løpet av dette døgnet kan det komme 70–100 millimeter nedbør, mest om ettermiddagen.

Overvatn og vassplaning

– Ver obs på overvatn og vassplaning på vegane, og pass på at slukar og stikkrenner er opne. Det ligg mykje lauv rundt om, seier Fagerlid.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut gult farevarsel for flaum og jordskred.

Gult er lågaste faregrad frå NVE. Er prognosane skikkeleg ille, tyr dei til oransje og raudt varsel.

Kan bli 20 grader

Onsdag vert lågtrykksfrontane avløyste av mild luft frå det europeiske kontinentet.

– Sola vil dukkar opp, og vi kan vente oss mellom 15 og 20 grader. Særleg torsdag vert ein uvanleg fin dag, seier Fagerlid

Meteorologen lovar varmt og fint vêr heilt til søndag, men fram mot helga er det venta meir skyer og litt regn av og til.

– Vi kjem neppe til å nå rekordtemperatur for oktober, som er eit stykke opp på tjuetalet, men det er ikkje kvart år vi har det så varmt i oktober som vi ventar no, seier Fagerlid.

Artikkeltags