Gå til sidens hovedinnhold

OBS-varsel for fylket – i morgon skal det hølje ned

Artikkelen er over 4 år gammel

FYLKET: Onsdag må du vurdere paraply og støvlar viss du skal utom huset.

Vêrvarslinga for onsdag og natt til torsdag viser store mengder nedbør på Vestlandet.

– Nedbøren kjem inn natt til onsdag, i lag med ein vind som vil auke til stiv kuling på kysten, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Tone Christine Thaule. Ho fortel at det vil komme mellom 70 og 100 millimeter nedbør onsdag.

Toler meir enn Austlandet

– Vestlandet toler jo litt meir regn enn Austlandet, men når vi ser at store område får opp mot 100 millimeter nedbør på eitt døgn er det greitt å få ut ei OBS-varsling, så folk er bevisste på det, seier Thaule og legg til:

– Regnet vil komme relativt jamt og trutt i litt over eitt døgn, før det går over til bygevêr. Det ser ut som hovudtyngda kjem mellom natt til onsdag og torsdag morgon. Vinden avtar til sørvestleg liten kuling torsdag kveld.

Fredag vil det vere vindauke frå sør. Då kan det òg bli litt nedbør. Temperaturen vil stige når skyene kjem, og snøgrensa er venta å stige til 800-1200 meter.

– Er det framleis håp om ei kvit jul?

– Det er litt tidleg å seie. Men i første omgang ser det jo dårleg ut, seier Thaule.

Les også: Opptil 75 prosent sjanse for kvit jul, seier Eli Kari Gjengedal.

Kommentarer til denne saken