No aukar temperaturane

BLIR IKKJE BADEVÊR: Sjøen er framleis kald, men kanskje nokon tør å bade likevel? Her ved Badevika i Dale.

BLIR IKKJE BADEVÊR: Sjøen er framleis kald, men kanskje nokon tør å bade likevel? Her ved Badevika i Dale. Foto:

Etter ein kald start på juli, kan vi endeleg vente oss sommaraktige temperaturar i Sogn og Fjordane.

DEL

Vi har betre tider i vente, skal vi tru meteorolog Mette Skjærdal i Meteorologisk institutt. Ifølge ho kan temperaturane bikke over 20 grader dei fleste stadar i fylket neste veke, og den skal halde seg stabil.

– Måndag og tysdag neste veke kan det kome ettermiddagsbyer i heile fylke, spesielt i indre strøk. Men vidare ut i veka kjem temperaturane til å stige, spesielt frå og med tysdag, opplyser Skjærdal.

Juli har starta unormalt kaldt

Meteorologen kan melde at temperaturane fleire stadar i fylket har lege langt under gjennomsnittet så langt i juli. Eit døme er Førde lufthamn Bringeland, der gjennomsnittstemperaturen så langt i juli har vore 7,3 grader. Det er 4,6 grader under normalen.

– Det er ganske mykje, sjølv om det kanskje ikkje høyrest slik ut. Vanlegvis snakkar vi om ein til to grader i forskjell. Det er ingen tvil om at juli har starta kaldt, seier Skjærdal og legg til:

– Det er nok mange som er klare for litt varmare temperaturar.

Skal du på festival i helga?

Dersom du skal på festival i helga, som til dømes Førdefestivalen, kan det vere greitt å vere førebudd på litt regn.

– Det blir nok ikkje store mengder regn, men det kan vere greitt å ha regnjakka i beredskap, seier Skjærdal.

Fredag er det venta enkelte regnbyer i indre strøk, og det blir meir tilskya ut over dagen. Laurdag blir det meir vind frå nord. Først på dagen blir det likevel opphaldsvêr, og kanskje til og med litt sol. Så kjem det ettermiddagsbyer, men det klarnar opp igjen utover kvelden, opplyser Skjærdal.

På søndag held det fram med nordavind, og det ser ut til å bli overskya med enkelte byer.

Badevêret let vente på seg

– Sidan temperaturen skal stige, blir det endeleg badevêr?

– No har vi nordleg vind, så på kysten får vi stadig skifta ut overflatelaget på havet, slik at ikkje blir nokon høge badetemperaturar. Då må ein heller bade i ei lun vik eller i eit lite vatn. Langs kysten blir det ikkje nokre særleg temperaturar å skryte av.

Artikkeltags