Neste veke blir det kaldt! Melder snø i fjellet

KALDT: Slik ser tysdag og onsdag ut på Kvamshesten i Gaular, eller Storehesten om du vil.

KALDT: Slik ser tysdag og onsdag ut på Kvamshesten i Gaular, eller Storehesten om du vil. Foto:

– Vi får ta det vi får. Det er dessverre ikkje så mykje ein får gjort med det, seier meteorologen.

DEL

Regn, tore og låge temperaturar. Om du ønskjer sol og varme er ikkje Sogn og Fjordane plassen å vere neste veke.

– I helga er temperaturane ok, men frå og med måndag skal dei falle ein del. Dei kommande dagane er det venta mellom 5 og 10 grader. Det blir også ganske grått, seier Eldbjørg Moxnes, meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er venta regnbyer, men kor mykje er førebels litt usikkert.

– Men måndag har det meldt torevêr, og då er det ofte at vi får kraftige regnbyer, seier Moxnes.

Dei låge temperaturane kan også gje kvit nedbør i høgda, men piggdekka kan du truleg la stå i garasjen.

– Nei, piggdekk blir nok ikkje naudsynt, men skal du til fjells kan det bli ufyseleg. Ha med deg godt med klede og ver førebudd på at det blir kaldt, seier ho.

Og ja, dette er ikkje normalt for denne tida av året.

Vi har snakka med fleire familiar om deira planar for ferien:

Artikkeltags