I dag skal det snø i Førde og regne i Askvoll

NY VEKE: Midt på dagen er det venta nedbør over heile fylket.

NY VEKE: Midt på dagen er det venta nedbør over heile fylket. Foto:

Måndag blir litt våt, men det er berre forbigåande.

DEL

– Det er venta nedbør av og til. I indre strok vil dette kome som snø eller sludd, medan kysten vil få regn. Heldigvis er det ikkje snakk om dei store mengdene.

Det seier meteorolog Per Egil Haga hos Meteorologisk institutt.

Veka startar med nedbør, men frå tysdag av vil vi få stort sett opphaldsvêr. Dette kan gje låge tåkeskyer, fortel han.

– Temperaturane vil ligge rundt 0 grader, medan det er ein sjanse for at dei vil stige igjen inn mot helga. For då er det ein moglegheit for at skydekket vil sprekke opp.

Håpar du på kvit jul? Då bør du lese dette

Artikkeltags