Har sendt ut farevarsel: Melder storm og mykje regn

TYSDAG: Dette vêrkartet publiserte Meteorologisk institutt måndag ettermiddag. Nær heile Sør-Norge er dekka av gult farevarsel, frå Kristiansund i nord til svenskegrensa (!) i aust.

TYSDAG: Dette vêrkartet publiserte Meteorologisk institutt måndag ettermiddag. Nær heile Sør-Norge er dekka av gult farevarsel, frå Kristiansund i nord til svenskegrensa (!) i aust. Foto:

Men ikkje alle stadar. Ser du t.d. på varselet for Førde er det eit heilt anna enn i Solund.

DEL

Meteorologisk institutt melder måndag på Twitter at det skal bli skikkeleg storm og styggevêr det komande døgnet, med gule farevarsel over nær heile sør-Noreg.

Varslingstenesta yr.no viser på si side at Førde i løpet av tysdag 10. desember kan bli råka av heile 1,1 millimeter nedbør og vindstyrkar på opp mot 1 sekundmeter dei neste ti dagane. Rett nok med ei ekstra åtvaring om kraftige vindkast.

Kven er det då som bløffar? Firda søker hjelp hjå sjølvaste Kristen Gislefoss:

– Ein må hugse på at yr.no er eit automatisk produkt. Det er ikkje alltid den viser korrekt når ein går inn på eit spesielt målepunkt, seier Gislefoss.

– Når vi varslar vindstyrke er det gjerne på kysten vi meiner. Vinden denne gongen vil komme frå sør eller veksle mellom sør og søraust. Førdefjorden ligg gjerne aust-vest og vil ikkje merke mykje av det. Vinden går stort sett over hovudet på folk der, seier statsmeteorologen.

Gislefoss oppmodar folk til å binde faste gjenstandar som er utsette for sørleg vind.

Opp mot storm på kysten

– Det er kysten som får føling med vindstyrken denne gongen. Dei vil oppleve kraftig vind, som godt kan nå opp i storm styrke. Det kjem ganske mykje nedbør i området også. I fjellet vil det komme som snø, og i lågare strøk vil det komme som regn. I fjellområda over 4–500 meter vil temperaturane vere null eller lågare, elles vil varmegradene dominere.

Yr stør han i dette: Til dømes på Utvær fyr i Solund, skal det bli sterk storm frå søraust og 22 mm regn tysdag kveld.

Fjellovergangane kan også få problem:

– Det er jo vegmyndigheitene som bestemmer om dei skal stengast eller ikkje, men eg ser føre meg at kombinasjonen snø og sterk vind kan føre til vanskelege forhold på fjellovergangane, seier Gislefoss.

VÊR: Automatiske varslingstenester gir ikkje alltid eit eksakt vêrbilde, viss ein berre ser på enkelte målepunkt.

VÊR: Automatiske varslingstenester gir ikkje alltid eit eksakt vêrbilde, viss ein berre ser på enkelte målepunkt. Foto:

Artikkeltags