Gult farevarsel for fylket held fram

MYKJE NEDBØR: Måndag blei det sendt ut gult farevarsel i fylket. No er det forlenga.

MYKJE NEDBØR: Måndag blei det sendt ut gult farevarsel i fylket. No er det forlenga. Foto:

Tysdag ettermiddag og kveld er det venta lokalt kraftige regnbyer med torevêr, hovudsakleg i indre strøk.

DEL

Måndag blei det sendt ut gult farevarsel i fylket. No er det forlenga.

I Sogn og Fjordane er det meldt gult farenivå på grunn av kraftige regnbyer tysdag ettermiddag og kveld.

Det kan kome 25–40 mm nedbør på tre timar, enkelte stadar meir. Det vil vere store lokale forskjellar der nokon ikkje får nedbør i det heile tatt.

Kan ikkje seie kor i fylket

Steinar Skare, meteorolog ved Meteorologisk institutt Vêrvarslinga på Vestlandet, forklarar at dei ikkje kan seie noko om kor det i fylket kan komme til å regne mest.

– Det er store lokale variasjonar. Vi har fleire modellar vi køyrer og dei har mange forskjellige løysningar på kor den kraftigaste nedbøren kjem. Difor vil eg ikkje gå ut og seie noko om det. Men det er hovudsakleg i dei indre strøka sjansane er størst. Ut mot kysten er det ingen fare i det heile tatt.

No varar det gule farenivået fram til onsdag morgon kl. 04.00. Det melder yr.no.

– No er det NVE som går ut med jord og flaumskredvarsel, som kan vere ein konsekvens av vêret. Endringar i løpa til elver og bekkar kan komme og enkelte vegar bli stengde om det går ras, seier Skare.

Gult nivå: Jord- og flaumfare

NVE varslar om jord- og flaumfare, gult nivå, for deler av Sogn og Fjordane. Skredfaren er størst der nedbøren treffer.

Dei skriv mellom anna på heimesida at det er venta nokre skredhendingar, utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde.

Gult nivå er det lågaste av NVE sine varslingsnivå.

Les meir: Geolog skal vurdere vegen i Jordalen og Bil innesperra av ras – og fleire personar er evakuerte med helikopter

Artikkeltags