Full storm på kysten – fleire ferjer og vegar er stengde

Vinterstormen som var venta blæs kraftig innover kysten vår. Kristen Gislefoss: – Det skal ikkje roe seg før i natt.

DEL

Tysdag ettermiddag og kveld har det blese full storm på kysten. Og ifølgje meteorologane var toppen venta først i 21-tida.

– Ta inn julepynten!

I Florø og Bergen er all helikoptertrafikk innstilt. Nordfjordbåten går ikkje, og båten frå Bergen til Sogn vart framskunda fire timar.

Meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt seier til Bergensavisen at folk bør vurdere å ta inn julepynten for kvelden.

– Det kan vere lurt. Alt av lause gjenstandar bør sikrast, og båteigarar bør ta seg ein tur til naustet for å sjå til båten.

Dette var observasjonane klokka 19.30:

  • Hamnen i Værlandet: 24 m/s
  • Hardbakke: 20 m/s
  • Utvær fyr: 31 m/s
  • Ytterøyane fyr: 28 m/s
  • Fedje i Nordhordland: 25 m/s
  • Gjøa-plattformen: 31 m/s
  • Kalvåg: 26 m/s

Veg og ferje:

  • Ferjesambandet Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella er innstilt ut dagen.
  • Ferja mellom Leirvåg – Sløvåg er innstilt grunna sterk vind.
  • Ferje på fv. 7, Nordre Klubben - Tangvika er innstilt.
  • Ferja mellom Stårheim og Isane er innstilt.
  • Fv. 52 Hemsedalsfjellet er stengd for køyretøy under 7,5 tonn. Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.
  • Rv. 13 Vikafjellet stengde klokka 14.30.
  • Fv. 50 Aurland - Hol er det kolonnekøyring.
  • Lokalbåten Solundir, som går mellom Gulen og Solund, er innsilt ut dagen.
  • Kystvegsekspressen mellom Måløy og Florø klokka 16.00 gjekk, men mogleg at stopp i Smørhamn blir innstilt.
  • Lokalbåtane i Florabassenget klokka 16.00 skal gå som normalt, men det vil fortløpande bli vurdert kansellering av enkelte stopp. Ruta i sør snud - dvs. avgang frå Svanøy var klokka 16.30.

– Om ein må køyre over fjellet i dag trur eg det er best å kome seg over så fort som mogleg, var beskjeden frå vakthavande på Vegtrafikksentralen i 16-tida.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no.

Ventar hagl og tore

Onsdag kan også bli ruskete.

– Vinden vi har no vil roe seg første del av natt til onsdag, før den igjen skal komme opp i sterk kuling onsdag. Då er det også venta byer, med hagl og regn. Det kan også vere fare for tore, seier Gislefoss.

Snøgrensa vil ligge mellom 500 – 700 meter.

Er du råka av uvêret? Tips oss på 57 73 33 33 eller redaksjon@firda.no.

Artikkeltags