– Det er berre å nyte det, for vi kjem til å måtte betale ein eller anna gang

SOL: Ingen grunn for å rydde vekk baderingen heilt enno, skal vi tru meteorologen.

SOL: Ingen grunn for å rydde vekk baderingen heilt enno, skal vi tru meteorologen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Meteorologen har ikkje så mykje nytt å melde på vêrfronten om dagen. Med andre ord: Ingen grunn til å forlate Sogn og Fjordane viss du er ute etter sol og varme.

DEL

– Det blir kort og godt mykje flott sommarvêr. Dei neste tre dagane vil vi få opp mot 25 grader dei fleste plassar i Sogn og Fjordane, seier vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Som så mange dagar før denne sommaren vakna vi tysdag til skyfri himmel og sol. Men ver obs for kald havluft.

– Viss den trekk inn over land vil det ikkje bli så varmt, men vi satsar på at det ikkje skjer. Tysdag skal det blåse nordleg frisk bris på kysten, medan den skal løye til bris onsdag, seier Selberg.

Bur du i ytre strok vil du også få best vêr onsdag.

– Det vil kunne kome nokre ettermiddagsbyer i indre strok. Det vil også vere fare for tore, men i ytre strok blir det ein flott dag.

Dei varmaste dagane blir fram til og med torsdag. I helga vil temperaturane falle litt, men det skal framleis vere tørt.

– Ingen lågtrykk i sikte altså?

– Nei. Så det er berre å nyte dagane vi har no og leve i «nuet», for vi kjem til å måtte betale for dette ein eller anna gang. Vi bur trass alt på Vestlandet, seier meteorologen og humrar.

Artikkeltags