Vegen blir ikkje opna før tidlegast torsdag

FRAMLEIS STENGT: Raset ved portalen på Finnsåstunnelen stengjer framleis fv. 53. Ny vurdering vil bli gjort på måndag, meldet Vegvesenet. Bildet er frå oppryddingsarbeidet på fredag.

FRAMLEIS STENGT: Raset ved portalen på Finnsåstunnelen stengjer framleis fv. 53. Ny vurdering vil bli gjort på måndag, meldet Vegvesenet. Bildet er frå oppryddingsarbeidet på fredag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ÅRDAL: I tillegg er det venta dårleg vêr på vegen over Tyin, så Vegtrafikksentralen rår folk som skal inn eller ut av kommunen om å gjere det raskt.

DEL

Fylkesveg 53 mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen, på strekninga Fodnes – Årdal, har vore stengt sidan eit større steinras gjekk ved portalen på Finnsåstunnelen, mot Fodnes torsdag.

Mannskap frå Statens vegvesen og entreprenør vart sendt til staden, og det vart tidleg klart at vegen ville bli stengt over lengre tid.

Det vart også sendt ein geolog til staden dagen etter raset gjekk.

Til NRK Sogn og Fjordane fortalde geologen at dei hadde byrja å spyle fjellsida for å gjere klart til ryddearbeidet. Då vart det klart dei ikkje fekk opna vegen fredag ettermiddag, som først håpa.

Ny vurdering på torsdag

Etter spylinga starta ryddearbeidet, og målet fredag var at ein kunne få rydda nok til å opne vegen til å opne søndag.

Kring klokka 12 laurdag melde Vegtrafikksentralen i Lærdal at strekninga framleis vil vere stengt, og at ny vurdering vil skje først på måndag.

Seinare vart vurderingsdatoen endra, og er no sett til torsdag 11. januar.

Dårleg vêr over Tyin i vente

Vegtrafikksentralen rår no folk til å køyre om via E16 og Fv 53.

– Det er mykje is der og reinselaget måtte flygast opp til rasstaden. Dei har no fått lagt ut tau slik at dei kan ta seg fram på eigen hand. Vegen over Tyin er framleis open med kolonnekøyring. Det som er litt spesielt no er at det er meldt om svært dårleg vær med mykje vind og nedbør. Dei som har tenkt seg inn og ut av kommunen bør gjere dette i dag eller morgon tidleg, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen til Firda.

Artikkeltags