Nok eit fylkesskilt er sporlaust borte

VEKK: Nokon har stukke av med fylkesskiltet på rv. 52 over Hemsdalsfjellet.

VEKK: Nokon har stukke av med fylkesskiltet på rv. 52 over Hemsdalsfjellet. Foto:

Sogn og Fjordane-skiltet på Hemsedalsfjellet er vekke: – Ein eller annan har rett og slett stole det.

DEL

Det seier byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen til NRK Sogn og Fjordane.

Skiltet ved riksveg 52 Hemsedalsfjellet markerer overgangen mellom aust og vest frå Buskerud til Sogn og Fjordane fylke. Dvergsdal seier at skiltet truleg forsvann onsdag eller natt til torsdag i førre veke.

Dei har ingen mistanke om kven som kan ha tatt det, fortel Dvergsdal.

Dette er ikkje første gong fylkes- og kommuneskilt har forsvunne sporlaust:

Sosiolog Trond Blindheim ved Universitetet i Oslo meiner nostalgien som veks fram rundt fylka, kan vere ein måte for folk å uttrykke motstand.

– På ein måte er det jo å vise fingeren til dei som har bestemt dette, sa Blindheim til NRK.

Rune Dvergsdal i Vegvesenet seier dei førebels ikkje har gjort noko med skilttjuveriet på Hemsedalsfjellet.

– Det er jo mange slike fylkesskilt. Vi har fleire berre i Indre Sogn, så eg veit ikkje om vi kjem til å gjere så veldig mykje med det, seier han.

No er kommuneskilta til Sunnfjord oppe

Artikkeltags