NHH vil rekruttere fleire frå Sogn og Fjordane

ØNSKER FLEIRE: NHH vil ha fleire stundentar frå Sogn og Fjordane.

ØNSKER FLEIRE: NHH vil ha fleire stundentar frå Sogn og Fjordane. Foto:

UTDANNING: NHH er landets mest populære økonomiutdanning. Dei ønsker seg fleire elevar frå Sogn og Fjordane.

DEL

Dei kommande vekene kjem Noregs handelshøgskole til Sogn og Fjordane.

NHH er ein velrenommert utdanningsinstitusjon, noko søkartala speglar. Ifølge nettsida deira låg opptakskravet for hausten 2018 på 52,8 for søkarar med førstegongsvitnemål.

Til samanlikning var snittet for elevar som fullførte studiespesialiserande vidaregåande i Sogn og Fjordane på omtrent 44,0.

Planen er å gje dei unge råd om høgare utdanning og moglegheitene som finst.

– Nokre val er viktigare enn andre, seier prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstebakken. Ho er oppteken av at elevane tek riktig utdanningsval som gir relevant arbeid.

Noregs handelshøgskole held til i Sandviken i Bergen, og har studentar frå heile landet.

NHH er spesielt interessert i studentar frå Sogn og Fjordane. Dei meiner elevane har sterke faglege resultat og høg motivasjon for læring.


– Det er mykje spennande som skjer i denne regionen, seier Nøstebakken i forkant av besøket.

Nøstebakken held fram: – Vi er opptatt av å rekruttere elevar frå fylket, og med utdanning frå NHH kan dei bidra til vidare utvikling av regionen. Derfor ønsker vi å vere til stades her.

I løpet av sju veker besøker NHH totalt 250 vidaregåande skular, frå Mandal i sør til Alta i nord.

– Denne og neste veke er dei på turné i Sogn og Fjordane. Utdanninga frå NHH gir kunnskap om teknologi, økonomi og menneske, akkurat den kompetansen næringslivet spør etter, avsluttar Nøstebakken.

Artikkeltags