Nest best på matteeksamen

RESULTAT: Endringar i matematikkeksamen gav positive resultat.

RESULTAT: Endringar i matematikkeksamen gav positive resultat. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Oslo har dei beste snittkarakterane for 10.trinn, men i matte er vi like gode.

DEL

Utdanningsdirektoratet har publisert dei førebelse snittkarakterane for grunnskulen og vidaregåande opplæring.

Landssnittet for matematikkeksamen på 10. trinn går opp frå 2,9 i fjor til 3,3. Elevane i Sogn og Fjordane hadde saman med Oslo den beste snittkarakteren; 3,5.

Sjå heile oversikta på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Endra eksamen

Etter fleire år med svake og varierande karakterar, gjennomførte Matematikksenteret i fjor ei evaluering av matematikkeksamen for 10. klasse. Tilbakemeldingane frå denne og ei intern evaluering i Utdanningsdirektoratet, førte til ei justering ved eksamenane i vår, skriv Utdanningsdirektoratet.

Dei viktigaste endringane er at deloppgåvene ikkje lenger er avhengige av kvarandre og at det er fleire oppgåver på lågt og middels nivå. Elevane har også fått betre tid til kvar oppgåve.

Utdanningsdirektoratet meiner dette har slått positivt ut. I år er det færre elevar som har fått karakteren 1 og 2 samanlikna med i fjor, då talet høvesvis var 42 mot 29 prosent i år.

Derimot ligg 10. klasse i Sogn og Fjordane under landsnittet i norsk hovudmål. Resultatet for fylket er 3,4, medan landsnittet er 3,6. Dei beste elevane i norsk hovudmål finn vi i Oslo.

I sidemål gjekk det betre, med eit snitt på 3,5, mot 3,2 i resten av landet.

På engelsk-eksamen er vi nest best saman med Akershus og Hordaland med 3,7 i snitt. Igjen er Oslo best med 3,8.

Jentene er best

Resultata frå eksamen på vidaregåande syner at Sogn og Fjordane hadde over fire i snitt i marknadsføring og leiing 2 (4,0), sosialkunnskap (4,1), politikk og menneskerettar (4,1) og psykologi 2 (4,0). Dette er dei beste snittkarakterane for desse faga i landet.

Det faget elevane i Sogn og Fjordane gjorde det dårlegast på, var Engelsk VG2 for yrkesfag. Snittkarakteren for fylket er 2,8, mot toppfylket Vestfold sitt 3,3.

Som tidlegare resultat også har vist, får jentene høgre eksamenskarakterar enn gutane i dei fleste fag på vidaregåande. Skilnaden er størst i matematikk S2, samfunnsøkonomi 2, marknadsføring og leiing og psykologi 2. Jentene får i snitt ein halv karakter betre enn gutane i desse faga. I praktisk matematikk for elevar på påbygg, får gutane i snitt 0,3 karakterpoeng betre enn jentene.

NB! Desse tala inneheld ikkje resultat frå klagebehandling. Endelege resultat på skule- og kommunenivå kjem til hausten.

Artikkeltags