Ingen er betre enn oss til å fullføre!

BEST I LANDET: Øyrane vidaregåande skule i Førde tilbyr yrkesfagleg opplæring.

BEST I LANDET: Øyrane vidaregåande skule i Førde tilbyr yrkesfagleg opplæring. Foto:

Fire av fem elevar i fylket har gjennomført opplæringa etter fem år.

DEL

Dei nyaste tala frå Statistisk sentralbyrå viser stor oppgang i perioden 2013–2018. I dei studieførebuande utdanningsprogramma i Sogn og Fjordane gjennomfører 92,8 prosent av elevane etter fem år, medan talet på yrkesfag er 71,5 prosent.

Dette er det høgaste talet på ungdommar som gjennomfører vidaregåande opplæring innan fem år, nokosinne, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Leiar for hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger, rosar alle som jobbar med den vidaregåande opplæringa.

Motiverande for framtida

– Tala viser at dei gjer ein stor innsats i at den enkelte elev og lærling skal kunne lukkast. Dei vidaregåande skulane støttar godt opp om den enkelte elev og vi har flinke tilsette. Bedriftene og opplæringskontora stiller opp med læreplassar og gir den enkelte moglegheit til å bli fagarbeidar, seier Torvanger i pressemeldinga.

I 2013 var det fire prosent fleire som fullførte den vidaregåande opplæringa enn i 2010. Torvanger meiner dette er motiverande for det vidare arbeidet.

– Å lukkast med den vidaregåande opplæringa er ein av dei viktigaste samfunnsoppdraga som er. Statistikken kan vere grunnlag for vidare motivasjon i arbeidet med å auke gjennomføringa, seier ho i pressemeldinga.

FULLFØRT: Andel elevar per fylke som har fullført med studie- eller yrkeskompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring i perioden 2013–2018.

FULLFØRT: Andel elevar per fylke som har fullført med studie- eller yrkeskompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring i perioden 2013–2018. Foto:

Artikkeltags