Fleire vil gå yrkesfag til hausten

YRKESFAG: Yrkesfaglege utdanningsprogram står for 56 prosent av søknadane til vg1. Bilde er frå jentedag for yrkesfag. Jenta inni hjelmen er Ronja Reiakvam.

YRKESFAG: Yrkesfaglege utdanningsprogram står for 56 prosent av søknadane til vg1. Bilde er frå jentedag for yrkesfag. Jenta inni hjelmen er Ronja Reiakvam. Foto:

Av

47 fleire enn i fjor har søkt plass på vidaregåande.

DEL

Auken er i all hovudsak til yrkesfaglege utdanningsprogram, som no står for 56 prosent av søknadane til vg1, skriv Firdaposten. Og på yrkesfag er det auke i søkinga til design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon (TIP), medan det er nedgang i søkinga til service og samferdsel.

For studieførebuande fag er det auke i søkinga til musikk, dans og drama. Til dei andre utdanningsprogramma er det berre små forskjellar i søkjartala.

Stabile søkjartal

I alt er det 4051 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2019–20, og 516 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det samla søkjartalet er 4567, fem færre enn i fjor.

418 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 100 frå i fjor. Søkjarar utan rett kan få plass når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august, dersom det er ledige plassar.

Primærsøkjartala som blei offentleggjorde av fylkeskommunen på tysdag, syner førstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser altså ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet ved inntak til vidaregåande.

Fleire søkjer læreplass i helsearbeidarfag

Sogn og Fjordane har intensjonsavtalar om 950 læreplassar i bedrift. Det er ein auke på 100 avtalar.

Det er i alt søkjarar til 51 ulike lærefag. Ein har intensjonsavtalar med bedrifter i 34 lærefag der ein i år ikkje har søkjarar og søkjarar til fem lærefag der ein ikkje har intensjonsavtalar med bedrifter.

Desse lærefaga har fleire søkjarar:

·         Helsearbeidarfaget +14

·         Røyrleggjarfaget +13

·         Salsfaget +7

·         Ambulansefaget +6

·         Bilskadefaget +5

Desse lærefaga har færre søkjarar:

·         IKT-servicefaget -10

·         Energimontørfaget -7

·         Kokkefaget -5

Artikkeltags