No kan du nominere din favoritt til gründerprisen for ungdom

NÆRINGSLIV: Vemund Eldegard og Elde Cosmetics tok imot gründerprisen for ungdom i 2017.

NÆRINGSLIV: Vemund Eldegard og Elde Cosmetics tok imot gründerprisen for ungdom i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Vinnaren tek med seg 50.000 kroner heim, når prisen blir delt ut på fylkestinget 24. april i år.

DEL

No kan du vere med å bestemme kven som blir årets kandidatar til gründerprisen for ungdom i 2019.

Prisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder, og skape nye arbeidsplassar til fylket.

Pris for ungdom i fylket

Kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i fylket, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Dei legg til at verksemda må vere lokalisert i fylket og etablert i løpet av dei fem siste åra, i tillegg til å ha eit tydeleg forretningspotensial.

Fristen for nominasjonen er den 21. mars. Påmeldinga finn stad på fylkeskommunen sine nettsider.

Vinnar frå Førde

Sist gong prisen vart delt ut, i desember 2017, vart vinnaren Elde Cosmetics.

Bedrifta var starta av førdianaren Vemund Eldegard i 2015, etter at han leita etter alternativ til dyre hudpleieprodukt. Då han ikkje fann dette bestemte han seg for å lage det sjølv, og allereie som 15-åring investerte han i sitt eige firma. Hudkremane blanda han heime på kjøkkenet til mor og far.

No sel Eide hudpleieprodukta sine til land som mellom anna Thailand, Australia og USA.

Av tidlegare vinnarar kan ein finne bedrifter som Moods of Norway, SKG Sogn og Videonor på lista.

Artikkeltags