TV-aksjonen har fått inn 220 millionar kroner

GIVARGLEDE: F.h. Emena (10), Pernille (8), Rebekka (10) og Karoline (10), alle frå Asker, var blant dei som bidrog då bøssebærer Jan Ivar Engebretsen samla inn pengar til TV-aksjonen blant tilskodarane under toppseriekampen mellom Kolbotn og LSK Kvinner på Jessheim stadion.

GIVARGLEDE: F.h. Emena (10), Pernille (8), Rebekka (10) og Karoline (10), alle frå Asker, var blant dei som bidrog då bøssebærer Jan Ivar Engebretsen samla inn pengar til TV-aksjonen blant tilskodarane under toppseriekampen mellom Kolbotn og LSK Kvinner på Jessheim stadion. Foto:

Av

Og folk i Sogn og Fjordane gav mest av alle.

DEL

Det er samla inn 220 millionar kroner i årets TV-aksjon som går til CAREs arbeid for kvinnerettar i nokre av dei fattigaste landa i verda.

Klokka 23.40 søndag kveld var det klart at det hadde vorte samla inn 220 millionar kroner over heile landet, ifølgje TV-aksjonen.

– I dag har heile Noreg opna både hjarte og lommebøker. Eg er så takknemleg og rørt, seier Gry Larsen, generalsekretær i CARE.

I alt 100.000 bøsseberarar over heile landet har samla inn pengar gjennom dagen. I gjennomsnitt har kvar av dei 5,3 millionar innbyggarane Noreg gitt 41,34 kroner.

Bebuarane på Svalbard var heilt i særstilling blant dei som gav mest med eit gjennomsnitt på 420 kroner kvar. På andreplass kom Utsira i Rogaland med 337 kroner, viser TV-aksjonens eigen oversikt.

I tillegg kjem det inn bidrag og gåver frå kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Lærer opp kvinner

Pengane frå årets aksjon går til kvinnerettar i ni land: Niger, Mali, Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Årets slagord er «Nå er det hennes tur». Pengane som blir samla inn, skal gi 400.000 kvinner opplæring i å starte eiga bedrift, spare og låne pengar for å få eiga inntekt.

Kvinnene skal òg få opplæring i retten til å bestemme over eigen kropp.

– Resultatet av TV-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ein av dei kvinnene som no får moglegheit tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt, seier Larsen.

Den største dugnaden i verda

Trioen Robert Stoltenberg, Ingrid Gjessing Linhave og Mikkel Niva leidde sendinga for årets TV-aksjon på NRK søndag kveld. Dronning Sonja er den høge vernaren om TV-aksjonen og gjesta sendinga frå Oslo rådhus.

I starten av oktober besøkte dronninga òg frivillige på Tøyen som mobiliserte fram mot aksjonen.

TV-aksjonen har vorte arrangert av NRK ein søndag i oktober kvart år sidan 1974. Aksjonen er den største i verda målt i innsamla kroner per hovud og talet på frivillige. Fjorårets aksjon, som gjekk til Kirkens Bymisjon, fekk inn totalt 257 millionar kroner.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som gav mest, fordelt på innbyggartal. I snitt gav vi 54,38 kroner, mot landsgjennomsnittet på 41,47 kroner.

Den kommunen som gav aller mest var Aurland (104,48 kroner), følgt av Solund (83,99 kroner) og Hornindal (70,66 kroner).

Artikkeltags