Vårt fylke har dei mest utrygge skulevegane i landet

UTRYGGE SKULEVEGAR: 37 prosent i Sogn og Fjordan

UTRYGGE SKULEVEGAR: 37 prosent i Sogn og Fjordan Foto:

37 prosent i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal meiner skulevegane der dei bur er utrygge.

DEL

Dette er høgare enn i resten av landet, der 27 prosent svarar det same. Det viser tal frå NAFs Trafikantbarometer 2019.

– I desse dagar går 60 000 førsteklassingar på skulevegen for første gong. Skulevegane må verte prioriterte med fleire gang- og sykkelvegar, skriv NAF i ei pressemelding.

– Barna må få påverke

NAFs Trafikantbarometer er den mest fullstendige undersøkinga av nordmenn sine haldningar og handlingar i trafikken.

– Vi meiner foreldre og barn må få betre høve til å gi innspel til skulane og politikarane på korleis skulevegen kan bli tryggare. I område med mykje lokaltrafikk og mange barn på veg til og frå skulane, er det viktig at barna sin forståing av trafikken får vere med å prege korleis skulevegen skal vere. Det seier Bente Liabø Thorsen, styreleiar i NAF avd. Fjordane og ytre Sogn, i pressemeldinga.

Medlemsorganisasjonen NAF har lokalavdelingar som jobbar med trafikktryggleik og er ein pådrivar for at trafikktryggleik skal stå sterkt i læreplanen. NAF meiner at i tillegg bør skular, vegmynde og kommunar samarbeide tettare om å forbetre skulevegane.

Ønsker meir gang- og sykkelveg

På spørsmål om kva tiltak som vil betre trafikktryggleiken for gåande og syklande, er det fleire gang- og sykkelvegar (51 prosent), fortau på fleire strekningar (38 prosent) og meir vegbelysning (34 prosent) som kjem ut på topp i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane.

I dei to vestlandsfylka svarar berre 12 prosent at vegane er trygge nok for mjuke trafikantar i dag. Dette er lågast i landet, landsgjennomsnittet er på 21 prosent.

– Myndigheitene har eit mål om at 80 prosent av barna skal gå og sykle til skulen. Då må det leggast til rette slik at skulevegen er trygg og triveleg, slik at foreldre torer å sende barna ut til fots eller på sykkel, avsluttar Liabø Thorsen.

Undersøkinga vert gjennomført anna kvart år av TNS Kantar på oppdrag for NAF. Årets undersøking er gjennomført i perioden januar-februar 2019.

NAFs Trafikantbaromete er landsrepresentativ, med ekstra utval i storbyane og regionane for å sikre valide resultat frå heile landet. 1000 respondentar svarte på den landsrepresentative undersøkinga, og totalt har 3975 personar delteke.

Artikkeltags