I løpet av dei ti siste åra har 13 syklistar mista livet i trafikken, 21 har vorte alvorleg eller livstruande skadd og 468 har vore utsett for ei trafikkulykke med lettare eller moderate skadar.

Flest ulykker i september

Månadsoversikta dei ti siste åra syner at det skjer flest ulykker i august og september,skriv Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Talet for august er 66 trafikkulykker med syklist innblanda, medan talet i september månad er på 71. Det lågaste talet er i januar, med seks ulykker.

Mange bruker ikkje lys eller refleks

– Haustmørket kjem overraskande på mange som gløymer å gjere seg ekstra synlege på kvelden. Sykkellykt og refleks er ei billig investering. Likevel vel mange å ikkje bruke desse tinga. Det er å gamble, med livet som innsats, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

1150 kroner i bot

Blir du teken av politiet utan lys på sykkelen risikerer du å få ei bot på 1150 kroner. Kjem du susande i haustmørket utan sykkellys er du ikkje synleg før avstanden er under 30 meter for ein bilist med nærlyset på. Har du refleks på, ser bilisten deg på mykje lenger avstand i mørket.

– Likevel ser vi ofte syklistar i høg fart i haustmørket, heilt utan nokon form for lys eller refleks. I tillegg veit vi at skulevegar som er dårleg lyst kan vere veldig trafikkert om morgonen før det vert skikkeleg lyst. No som sommaren er over er det ekstra viktig å gjere seg synleg, og lykter og refleksar er det viktigaste du kan ha på sykkelen og deg sjølv, seier Setnes.

 

Flest menn

Statistikken for dei ti siste åra fortel at 67 prosent av dei som er innblanda i ulykker på sykkel er menn, dei fleste av dei over 35 år.

90 prosent av tilfella kor syklistar er innblanda skjer i samanstøyt med personbil. Geografisk skjer dei fleste ulykkene i dei store byane, med 104 ulykker i Oslo.

Sogn og Fjordane ligg nest nedst på lista med tre ulykker dei siste 10 åra.