Skal ha tatt kvelartak to gonger på kvinne og brote besøksforbod

Skal også ha vist fingeren til offentleg tenestemann og bedt han stikke den i baken.

DEL

Ein mann i byrjinga av 50-åra må onsdag møte i Sogn og Fjordane tingrett, etter at han står tiltalt for tre brot på straffelova og eit brot på Vegtrafikklova.

Fekk blåmerke etter kvelartak

Mannen, som er frå Sunnfjord, skal ved to høve ha teke kvelartak på ein kvinne og deretter slengt ho i golvet. Mannen skal ha brukt så mykje kraft at kvinna fekk smerter i rygg og blåmerke på brystet og rundt halsen.

Valden som mannen står tiltalt for skal ha skjedd tidleg denne sommaren. Dagen etter hendinga skal mannen også ha vist langfingeren til ein offentleg tenestemann og sagt at «Du kan stikke den langt opp i ræva».

Braut besøksforbod

I tillegg skal mannen få dagar seinare ha oppsøkt kvinna utanfor bustaden hennar trass i eit besøksforbod.

I retten må han også svare for å ha køyrd bil utan gyldig førarkort. Dette skjedde også same månad som valdsbrotsverka.

Det er sett av to dagar til rettssaka.

Artikkeltags