Gå til sidens hovedinnhold

Sognefjorden Kystpark får gjennomslag i statsbudsjettet

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Statsbudsjettavtale mellom KrF og regjeringa sørgde for at organisasjonen Norske Parker fekk fem millionar på neste års statsbudsjett.

– Dette betyr at vi kan jobbe meir med å gjere parken kjent. Det betyr også at vi kan selje lokale produkt og tenester til fleire besøkande. Samtidig skal vi ta vare på dei verdiane vi har, og styre utviklinga på ein god måte, seier Trude Søilen, styreleiar i Sognefjorden Kystpark.

Dei er medlem av Norske Parker. Tildelinga vil difor også drype på dei.

Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og Gaular er medlemskommunar i Sognefjorden Kystpark. Føremålet til regionalparken er mellom anna å ta vare på natur- og kulturverdiane i regionen rundt Ytre Sognefjorden.

Det er gjennom organisasjonen Norske Parker at Sognefjorden Kystpark no er inne på statsbudsjettet.

– Dette er eit stort gjennomslag for dei ni norske regionalparkane, seier styreleiar Evind Brenna i Norske Parker.

Stortingsrepresentant frå fylket Tore Storehaug (KrF) møtte park-representantane på Stortinget saman med Ketil Kjenseth (V). Dei oppfordra Kystparken og dei andre parkane om å legge vekt på prosjekt med eit berekraftig fokus framover.

Sognefjorden Kystpark er ein av Norges åtte regionalparkar og vart stfta i 2017. Den er styrt av medlemmene sine, som saman med kommunane nemnt over, består av næringsliv, lag og organisasjonar.

Kommentarer til denne saken