Firda Billag fekk målpris

NYNORSK PRIS: Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun (til venstre) tek mot målprisen frå leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Hallstein Dvergsdal, under årsmøtet i Sogndal.

NYNORSK PRIS: Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun (til venstre) tek mot målprisen frå leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Hallstein Dvergsdal, under årsmøtet i Sogndal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Sogn og Fjordane Mållag har tildelt årets målpris til Firda Billag.

DEL

Det var på laurdagens årsmøte til Sogn og Fjordane Mållag i Sogndal, mållaget delte ut årets målpris til Firda Billag, skriv Sogn og Fjordane Mållag i ei pressemelding.

Det interkommunale transportselskapet mad base i Førde vart starta i 1920, og har ifølgje pressemeldinga hatt nynorsk som administrasjonsspråk sidan selskapet frå mållagshald vart oppfordra til å trykkje ruteheftet sitt på nynorsk i 1934.

I dag er Firda Billag ein stor og viktig aktør på person- og godstransport og der språk er ein del av identiteten. Både morselskap og alle dotterselskap nyttar nynorsk i alt skriftleg materiale, både på papir og nett. Dagens direktør for selskapet, Peter Midthun, er òg ein god ambassadør for nynorsk og han har på ein framifrå måte ført vidare arven frå 1934, heiter det i grunngjevinga frå mållaget.

Ufråvikeleg krav

– Dette er eg oppriktig glad for, sa Midthun då han tok mot prisen. Han sa vidare det er eit ufråvikeleg krav at skriftleg materiale frå billaget, skal vere på nynorsk.

Direktøren var klar på at han personleg er oppteken av korrekt målbruk, og at han opplever mykje dårleg språk både i media og elles i samfunnet. Noko av skulda for dette legg Midthun på utstrekt bruk av sosiale media mellom folk flest, samt det som har utvikla seg til eit eige SMS-språk.

Ifølge pressemeldinga har Sogn og Fjordane Mållag det siste året hatt god vekst i medlemstalet, og var i fjor det fjerde beste fylket når det gjeld nye medlemer.

Alle tok attval:

På årsmøtet vart alle i styret attvalde, og leiinga i Sogn og Fjordane Mållag ser slik ut det kommande året:

Leiar: Hallstein Dvergsdal (Jølster)

Nestleiar: Norunn Ulvedal (Førde)

Sekretær: Olaug Brekke (Vik)

Kasserar: Torleik Stegane (Flora)

Styremedlem: Jorunn Sandvik, (Eid)

Artikkeltags