Han er ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

NY DIREKTØR: Hallvard Klakegg er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin nye direktør. Med seg har han 20 års fartstid i banken.

NY DIREKTØR: Hallvard Klakegg er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin nye direktør. Med seg har han 20 års fartstid i banken. Foto:

NÆRINGSLIV: Hallvard Klakegg (46) frå Jølster er tilsett som ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Sparebankstiftinga deler to gonger i året ut pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot til idrettslag, organisasjonar, klubbar og anlegg, etter leverte søknader.

Klakegg i dag er direktør for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, og har jobba i banken 20 år.

No blir han sjef for gåvepotten, og tek over etter Kjell Sandnes som gjekk av med pensjon i sommar.

– Eg har eit stort engasjement for sparebanknæringa og ikkje minst Sparebanken Sogn og Fjordane. Engasjementet mitt og kunnskapen eg har opparbeid med gjennom desse 20 åra skal eg bruke til å utvikle Sparebankstiftinga vidare, seier Klakegg i ei pressemelding.

18 søkjarar

Styreleiar i Sparebankstiftinga Lise Mari Haugen fortel at det var 18 gode søkjarar til direktørstillinga.

For styret har det vore viktig å finne kandidatar som både dekker eigarrolla til stiftinga, forvaltning av kapital og vidareføring av sparebanktradisjonane gjennom gåveinstituttet.

– Klakegg sin kunnskap og engasjement gjer at vi er svært glad for å få han med på laget, seier Haugen.

Deler ut av overskotet

Sparebankstiftinga eig i dag over 90 prosent av eigenkapitalbevisa i banken. Stiftinga skal støtte opp under Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd og vidareføre dei gode sparebanktradisjonane. I dette ligg det mellom anna å gje delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver til allmennyttige føremål. Det er gitt ut over 120 millionar i gåver i Fylket dei siste 5-6 åra.

– Det eg syns er ekstra flott med sparebankane er at dei er lokalt eigd og at delar av overskotet går tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver, og i dette arbeidet spelar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ei viktig rolle her i fylket, seier den nye direktøren.

Artikkeltags