272 tonn plast-boss vart samla inn i Sogn i fjor – for Sunnfjord var talet mykje mindre

BOSS: Sogn praktiserer plastsortering heime hos folk. Det finst ikkje i Sunnfjord.

BOSS: Sogn praktiserer plastsortering heime hos folk. Det finst ikkje i Sunnfjord. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Sogn og Sunnfjord har ulike returordningar for plast-boss, og dei ulike returordningane gir ganske ulike resultat.

DEL

I store delar av Sunnfjord, meir spesifikt i SUM-kommunane, må folk sjølv levere inn plast-bosset til utvalde returpunkt. I Sogn vert plasten kjeldesortert heime hos folk og deretter henta av bossbilen.

Resultatet er at det vart samla inn 272 tonn med plast i Sogn i fjor, medan det berre vart samla inn rundt 5 tonn i Sunnfjord, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Det er ganske tydeleg også når ein ser på nasjonale statistikkar, at returordninga har mykje å seie for plast som blir samla inn, seier dagleg leiar Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk til NRK.

Meiner alle må få sortering

Kvar tredje norske kommune har ikkje plastsortering i heimen. Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender er ikkje nøgd med at mange kommunar ikkje driv med kjeldesortering heime hos folk.

Leiar Anja Bakken Riise seier organisasjonen har som mål at kvar einaste norske kommune skal innføre ordningar der dei hentar sortert plast heime hos folk.

– Innan 2050 kan det vere meir plast enn det er fisk i havet. Då meiner eg at det seier seg sjølv at alle må bidra gjennom å sortere plast. Det har veldig mykje å seie for miljøet vårt at vi klarer det, seier leiar Bakken Riise.

Artikkeltags