Oppbevarte hagler og rifle utan våpenskap – må betale 10.000 kroner

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: I tillegg blir alle tre våpena inndregne.

DEL

Ein mann i 40-åra i Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for brot på våpenlova.

Mannen skal ha oppbevart ei rifle i kaliber .308, ei hagle i kaliber 12, og ei hagle i kaliber 16, samt ammunisjon og sluttstykke til våpena i sin bustad. Dette utan at dei var oppbevart i godkjent våpenskap.

I retten tilstod han forholda, og retten sette straffa til ei bot på 10.000 kroner, subsidiert ei fengselsstraff på 15 dagar.

Det vart i retten påpeika at saka var blitt særs gammal. Forholdet vart avdekt i mai 2014, og var ferdig etterforska i september samme år. Førelegget kom derimot ikkje før i 2016, og saka kom til retten i november 2017.

På si side meinte den sikta at tidsbruken og saka har vore belastande, og at botssatsen var for høg. Han sette seg også imot inndraging av våpena, og det vart påpeika at han i ettertid hadde skaffa våpenskap.

Retten fann likevel ikkje grunn til å redusere bota, og heller ikkje grunn til å fråvike inndraginga.

Artikkeltags