Femdobling av skred-hendingar kor menneske er involvert

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKREDFARE: Så langt i vinter er tal på skred-hendingar, kor menneske er involverte, femdobla samanlikna med året før.

DEL

Ingen har mista livet i snøskred så langt i år, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Ved utgangen av februar i år, har 113 menneske vore involverte i totalt 66 skred-hendingar. Talet i fjor vinter var 21 menneske, fordelt på 13 skred-hendingar.

– Vi oppmodar at folk tek konservative val, og at fleire held seg unna skredterreng på dagar med ugunstig snødekke eller forhold, seier Rune Engeset i NVE.

På varsom.no, ei nettside med føremål å varsle naturfarar i Norge, kan ein lese at Sogn og Fjordane er eit av dei særskilt utsette skred-områda i Norge.

Artikkeltags