Nedgang i fråvær etter innstramminga

FIRDA: Arkivfoto av Firda vidaregåande skule på Sandane.

FIRDA: Arkivfoto av Firda vidaregåande skule på Sandane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Elevane i fylket har lågast timefråvær i landet. Statistikk syner ein kraftig nedgang etter innstramminga av fråværsgrensa, eller innføringa av 10-prosentregelen.

DEL

Utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse fråværstal for skuleåret 2016–2017. Sogn og Fjordane er fylket med klart best resultat.

– Vi har over fleire år no arbeidd systematisk med å redusere fråværet til elevane. Skulane jobbar godt med å følge opp kvar enkelt elev. Som i resten av landet har fråværet gått ned etter at fråværsgrensa blei innført. Samstundes er reduksjonen her lågare enn i mange andre fylke, noko som truleg har samanheng med vi har hatt lågt fråvær også tidlegare år, seier konstituert fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Les også: Sogn og Fjordane toppar skulestatistikk

Les også: Gratis helsetilbod for elevane på Flora vgs

Medan timefråværet hjå dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er det lågaste i landet, er heildagsfråværet om lag det det same som det nasjonale snittet. Det typiske fråværet er tre dagar og seks timar per elev.

Statistikken fortel kor mykje fråvær elevane vil få ført på vitnemålet sitt for inneverande skuleår.

Få droppar ut

I løpet av skuleåret 2016–17 slutta 2,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein liten auke frå året før, og tilbake til nivået for to år sidan. Likevel er prosenten elevar som sluttar i Sogn og Fjordane det lågaste i landet. På landsbasis slutta 4 prosent av elevane.

– Dei tilsette på dei vidaregåande skulane er tettare på elevane enn nokon gong. Når eleven står i fare for å slutte, blir det sett i verk tiltak for å hjelpe han eller ho, seier Skinlo.

Det er enno for tidleg å seie noko om korleis fråværsgrensa påverkar i kva grad elevane sluttar.

Les også: No spring elevane til timen for å unngå fråvær

Sjå full oversikt på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Artikkeltags